REFLEKSTID: Trygg Trafikk oppmodar alle til å leite fram refleksane.
Trygg Trafikk
Nå er det på tide å finne fram refleksen
Torsdag denne veka er det refleksens dag, og Trygg Trafikk oppfordrar alle til å ta i bruk refleksane sine.
Haustmørkret er her, og alle har eit ansvar for å sjå og bli sett i trafikken. Éin av tre i Noreg innrømmer at dei har vore ute i mørkret utan refleks i løpet av dei siste to vekene. Det viser ei undersøking gjennomført i veke 40 på vegner av Trygg Trafikk.