GRØNT ER SKJØNT: – Denne grønfarga passar godt til blomsterbutikken og omgjevnadane, seier Mari Gaara og Irene Øygarden. Dei er spente på å sjå bygget ferdig måla.
Unni Buverud
Nå får sentrumsbygget eit ansiktsløft – Mari og Irene fekk bestemme farga
Rindegården i Bøgata får eit ansiktsløft. Grønfarga på første etasje er på plass. Kva for farge det blir på resten av bygget, er ennå ikkje klart.
Både Mari Gaara, som er eigedomsmeklar og konsulent på bustad- og interiør, og Irene Øygarden hjå Fargerike Bø maling, brenn for Bøgata. Dei to har lenge hatt eit ønske om at Rindegården i Bø sentrum skulle få ny farge.