SÅNN SKAL DET VERE: Sørtoget i fin fart til rett tid. Slik vil politikarane at det skal vere.
Øystein Akselberg
– Nå må me passe på, for dette kan lett gå feil veg
Nå skal me passe på. Det blir pirka på Sørlandsbanen igjen, og gjort forsøk på å forringe togtilbodet her me bur. Sørlandsbanen er ei svært viktig transportåre for alle som bur i distrikta langs desse jernbanespora, men det finst krefter som jobbar for at dette ikkje lenger skal vere den viktigaste toglinja frå Oslo til Kristiansand. Dei sit gjerne veldig stille i båten når det er snakk om å kutte tilbod og kvalitet på Sørlandsbanen. I alle år har derfor lokalpolitiske krefter og ordførarar i vår region slått seg samen og kjempa for togtransporten, slik dei også gjer nå. Det må dei viss dei meiner alvor med toget vårt. Og trykket må vere hardt, for dette kan lett gå feil veg.