L
Nå skal kommunen finne ut korleis den skal spare inn 40 millionar kroner
I formannskapet måndag fekk kommunalsjefane orientere om korleis dei ulike sektorane i kommunen skal sette inn tiltak for å klare å gå i balanse.
Midt-Telemark kommunen har ved siste prognose eit meirforbruk på årets budsjett på mellom 11 og 12 millionar kroner. Avviket på drifta er på heile 21 millionar kroner. I kommunestyret sist blei det peika på at kommunen har eit omstillingsbehov på 40 millionar kroner.