KLAGAR PÅ UTBYGGING: Naboane i Sperrudfeltet er ikkje særleg imponerte av korleis handelsparken er planlagt utbygd. Dei meiner dei får det nye handelsbygget «rett i trynet». F.v. Ole Rolf Roheim, Mette Hansen og Bjørn Næssen.
Øystein Akselberg, arkivfoto
Naboane protesterer – får nytt handelsbygg «rett i trynet»
Ti naboar som bur i Sperrudfeltet lurar på korleis utbyggjarane av handelsparken kan seie at utbygginga ikkje vil medføre vesentlege endringar i landskapet.
Planen for utviding av Bø Handelspark på Grivijordet langs Valenvegen kjem nå til endeleg handsaming i Midt-Telemark kommune. I morgon, tysdag, skal ein for siste gong sjå på planen i Utval for plan, teknikk og næring (PTN).