TURGÅARAR: Nokon går tidleg på dagen, andre seint. Her er nokre av turgåarane samla til ære for Bø blad.
Gro B. Røiland
Nabolaget der «alle» går tur: – Det rensar hjernen
Det putrar av turgåarar på Langkåshaugen, mange går til faste tider kvar dag. – Det rensar hjernen, seier Frode Lieungh (79).
Friluftsliv treng ikkje vera turar på fjelltoppar og øde vidder. Det kan også vera ein runde i nabolaget, langs ein grusveg eller på ein lokal ås. Slik er det for mange med adresse Langkåshaugen.