FORMANNSKAPET: F.v. rundt bordet: Kristin Kleppen, Høgre, Chase Alexander Jordal, Senterpartiet, Bjørn Magne Langkås, Fremskrittspartiet, ordførar Siri Blichfeldt Dyrland, Senterpartiet, kommunedirektør Per Dehli, Karin Hagen, Arbeiderpartiet, Hans Sundsvalen, Arbeiderpartiet, Per Atle Einan, Sosialistisk Venstreparti.
Marta Kjøllesdal
Nektar auke i eigedomskatt og vil kutte 8,3 millionar meir: – Eit uansvarleg forslag
Kommunedirektøren har tidlegare sagt at det ikkje er sikkert at ein klarar å kutte 84 millionar kroner. No har han fått beskjed om å kutte 8,3 millionar til.
Like før formannskapsmøtet var over måndag ettermiddag, nesten to timar på overtid, la posisjonen fram eit forslag om at kommunen må kutte 8,3 millionar kroner ekstra.