B
Nome må godkjenne flytting av landbrukskontor
Kommunestyret har vedteke å flytte landbrukskontoret utan at Nome er orientert. Ordføraren sa først at det ikkje var vedteke.
Midt-Telemark landbrukskontor er felles for Midt-Telemark kommune og Nome kommune. Den gang det vart etablert for rundt 15 år sidan var det dragkamp. Nome ville gjerne ha det til Søve for å styrke skulen og lage eit landbruksfagleg miljø der. Sauherad miste Midt-Telemark Energi og ønskte også eit landbruksfagleg miljø.