SPENNANDE: Nora Staurheim fortel at læringskurva er bratt, men jobben er spennande.
Unni Buverud
Nora (24) kom heim frå USA til ny, spennande jobb
Etter fleire år som student i USA, vende Nora Staurheim nyleg nesa heim til Bø. Nå jobbar ho som resepsjonsansvarleg på First Camp Bø.
– Ja, eg starta her 20. mars og har såvidt rekt å bli varm i trøya. Eg er tilsett som resepsjonsansvarleg, men fram til Elisabeth Haugen er på plass i jobben som ny dagleg leiar, gjer eg også nokre av dei oppgåvene, seier Nora.