F
Ny faghandel opna på Gvarv
Nyleg opna det ein ny butikk på Gvarv. Målet er å omsette for mellom 10 og 15 millionar kroner i året.
Jarl Olav Rugtveit seier muntert at dei ikkje er heilt einige om kor mange som kom innom Fimex as første dagen, men 50-60 personar var det i alle fall. Dei fleste kom for å kikke, stadfestar Rugtveit, men peikar på at dette er ein butikk utan mykje billeg krimskrams.