Ny lensmann i Midt-Telemark
Lensmann Sigrid Dahl har gått ut i ni månaders svangerskapspermisjon. Stine Benjaminsen Nygård, Skien, er vikar. Ho er alt i gang i jobben.
– Miljøet i Midt-og Vest-Telemark er framoverlent og framtidsretta. Derfor søkte eg vikariatet, seier Nygård.
Ho kjem frå stillinga som assisterande leiar for sjefen for politiet i Telemark og er no det som i vanleg terminologi heiter lensmann i Midt- og Vest-Telemark.
Dahl gjekk ut i permisjon frå måndag 9. desember og Benjaminsen Nygård var inne ei veke før det for å få overlapping.