BOKAKTUELL: Bø blad har møtt bokaktuelle Edy Poppy i Oslo. Snart kjem ho heim til Bøker i Bø.
Gro B. Røiland
Ny roman frå Edy: Tatt ut til internasjonal lansering
«Iggy» er tittelen på Edy Poppys nye roman. Det er også namnet på ein abort. – Eg utforskar tema det ikkje er snakka så mykje om, seier forfattaren frå Bø.
Dette er Edy Poppys tredje bok på Gyldendal forlag sidan debuten «Anatomi. Monotomi» i 2005. I 2011 kom novellesamlinga «Sammen. Brudd». I 2016 omsette ho «Farvel eventyrland» av eksmannen Tam Cy Albert.