LURT Å HA: Alle bør ha mulegheit til å fyre viss det blir krise (illustrasjonsbilde).
Bø blad, arkiv
Nye beredskapsråd: Derfor bør du ikkje droppe eldstad og pipe der du bur
Som sikkerheit og beredskap bør me ha vedlager for varme viss det kjem ei krise, men det er ikkje krav om nokon plass å brenne veden i mange hus.
Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) har nyleg kome med oppdaterte råd til korleis me bør førebu oss på at det kan skje ei krise. Tidlegare har me fått råd om å ha mat, vatn, mulegheit for oppvarming og litt nødvendig utstyr som lommelykt og radio slik at me kan klare oss i tre dagar. No har det kome nye råd. Der heiter det at me bør kunne klare oss utan hjelp i ei veke.