NYTT TILBOD: Midt-Telemark bibliotek har dratt i gang eit nytt tilbod, leia av Katrine Thorstensen. Det er Rudolf Farkas, Arne Halkinrud og Aud Sveen glade for.
Gro B. Røiland
Nytt tilbod på biblioteket: Så bra at dei helst ikkje snakkar høgt om det
Dei vil helst ikkje snakke for høgt om datahjelptilbodet som Midt-Telemark bibliotek nå har dratt i gang. Det er nemleg så bra at dei gjerne vil ha det for seg sjølve.
Tre timar kvar torsdag er bibliotekar Katrine Thorstensen parat til å hjelpe folk å ta seg fram i dataverda. Tilbodet blei starta opp etter sommarferien på bibliotekets eige initiativ. Bakgrunnen var at tilsette i bibliotekskranken ofte får spørsmål relatert til data.