Nytt vedtak om handelsparken i formannskapet
Formannskapet diskuterte måndag forslaget til arealplan for Midt-Telemark kommune i fleire timar. Det vart igjen gjort eit nytt vedtak når det gjeld Bø handelspark.
Kva status Bø handelspark skal ha har vore heftig diskutert ei rekkje gonger i politiske organ – i over ti år. I rundt eitt år har diskusjonen om ei ny utviding av handelsparken bølgja. Før der har det blant anna vore diskusjon om Jysk, som vart avvist av administrasjonen.