NYE PLANAR: Det blir jobba med utvikling av området bak Sandagården i Stasjonsvegen.
Bø blad, arkivfoto
Området er klart for vidare planlegging: Her kan det kome eit terrassebygg
Planane for Sandagården og området rundt har kome eitt skritt vidare.
Eigaren av Stasjonsvegen 1 AS, Dag Olav Brekke, har fått godkjent detaljreguleringsplanen for Sandagården for andre gong i kommunestyret. Planen omfattar området bak Esso, tidlegare Sanda-kiosken og Sandagården og til stikkvegen inn til Ekspertsenteret og Evjudalen. Formålet med reguleringsplanen er å legge til rette for utbygging av bustader, forretningar og kontor.