VELKOMMEN: Bø og Sauherad Røde Kors og Bø ungdomsskule er klare til å laga leik og moro på Bø torg. Bak f.v. Maya Vareide, Sebastian Hyvik, Aurora Lund Hult, Veslemøy Vildalen, Snorre Skalstad, Minea Gulbrandsen, Marie Vestgarden og lærar Ann Cathrin Haugland Andersen. Framme f.v. Anne Grete Berge og Karin Merete Boye frå Røde Kors omsorg.
Gro B. Røiland
Ønskjer velkommen til leik og leven på Bø torg
Ikkje sidan 2019 har Røde Kors samla store og små til Barnas dag i Bø. Laurdag er dei tilbake, og med som hjelparar er ungdom frå Bø ungdomsskule.
Om lag ti tiandeklassingar frå valfag Sal og scene på Bø ungdomsskule er medhjelparar, når Bø og Sauherad Røde Kors inviterer til Barnas dag på Bø torg laurdag 17. september.