Opnar flyruta frå Torp til Amsterdam
I byrjinga av august startar KLM opp att med fly frå Torp til Amsterdam. Fem gonger i veka vil det vere mogleg å ta seg til den nederlandske hovudstaden.
Torp Sandefjord lufthamn skriv i ei pressemelding at flyselskapet KLM opnar ruta til Amsterdam den 3. august. Då får reiselystne i Vestfold og Telemark igjen tilgang til ein knutepunktdestinasjon, frå den lokale flyplassen.