M
Ordføraren om tap av samarbeidspartnar: – Det er slik det er
No har to parti gått ut av samarbeidet om å styre Midt-Telemark kommune. Ordføraren meiner utfordringane blir tekne i vare som før.
– Det er slik det er. Fram til neste val er det ikkje noko posisjon eller samarbeidsforum, seier ordførar Siri Blichfeldt Dyrland, Senterpartiet (Sp) etter at Venstre har trekt seg frå det politiske samarbeidet.