KALDT: Musikaren likar vinteren i Midt-Telemark, men vil gi folk ei oppleving av karibisk sommar.
Marie Olderkjær
Oscar har fleire tusen følgjarar heime i Havanna: No inviterer musikaren til kubansk aftan i Bø
Oscar Sánchez (37) frå Cuba har mellombels flytta til Bø. Med seg har han tradisjonelle kubanske instrument.
– I dei åra eg har drive med musikk har eg vore mykje ute på vegen og spelt konsertar i ulike byar. Eg har spelt både i barar og i teatersalar. Det er kjekt å sjå at det kjem publikum, seier Sánchez.