MEDALJEUTDELING: F.v. Carl Diderik Cappelen, Tom Vidar Slåtta, Roger Myhren og Johan D. Cappelen under utdeling av medaljane.
Helge Lund - HLfoto
Over 30 år i same bedrift – det er heidra med medalje
I over 30 år har Roger Myhren jobba for familien Cappelen på Ulefos Jærnverk. Nå er han heidra med Norges Vel si medalje for lang og tru teneste.
I ei pressemelding frå Ulefos AS blir det opplyst at Roger Myhren frå Midt-Telemark og Tom Vidar Slåtta frå Ulefoss er tildelt Norges Vel si medalje for lang og tru teneste. Utdelinga fann stad i sommar.