NÆRMILJØANLEGG: I november kunne Nordagutu vel invitere til ny aktivitetspark, finansiert av mellom anna spelemidlar frå Norsk Tipping. Sindre Flø på kulturkontoret i kommunen meiner fleire velforeiningar kunne søkt støtte til nærmiljøanlegg.
Karianne Søfteland, arkivfoto
Pengar å hente for lag og foreiningar – kulturkontoret kan hjelpe med søknad
For lag og foreningar er dei mange tilskotsordningane ei gullgruve. På kulturkontoret gir dei gjerne råd og hjelp i søknadsprosessen.
Sparebankstiftingar lokalt og nasjonalt, Gjensidigestiftelsen, ulike fond, statlege og kommunale støtteordningar, momskompensasjonsordninga frå Lotteri og stiftelsestilsynet og Norsk tipping sine spelemidlar er nokre av ordningane der frivillige lag og foreiningar kan få pengestøtte.