NY IDRETT: Siste skot på idrettsstamma i Midt-Telemark.
Marta Kjøllesdal, arkivfoto
Pengar til kultur: Glenn dobla potten til denne gjengen
Utval for oppvekst og kultur har fordelt vårens kulturmidlar til frivillige lag og kulturprosjekt, til saman 85.000 kroner. Midt-Telemark Beaver Basket fekk dobbelt så mykje som det var forslag om.
Kulturpolitikarane i Midt-Telemark kommune har i 2024 ein pott på 150.000 kroner som dei kan fordele til lag og organisasjonar, kulturprosjekt og frivillig arbeid. Pengane blir delt ut to gonger i året etter søknad.