Pengedryss over Midt-Telemark: Jorid fekk aller mest
Seks lag og foreiningar i Midt-Telemark fekk måndag servert kake og ein fin song. Fine sjekkar med store summar vanka også.
Først av alt serverte museumsstyrar på Evju Bygdetun, Jorid Vale, hyllebærsaft i høge glas. Ho baud òg på fin velkomstsong, som passar seg når fine gåver skal delast ut.