VIL BYGGE UT: Bø skiskyttarlag og løypelaget har planar for eit servicebygg her ved anlegget på Nordbøåsen. Nå har dei fått 500.000 kroner.
Arkivfoto Bø blad
Pengedryss til Midt-Telemark – dette laget får ein halv million kroner
Sparebankstiftelsen DNB delar ut 331 millionar kroner på 360 store og små prosjekt etter haustens søknadsrunde. Midt-Telemark stikk av med 650 000 kroner.
Felles for prosjekta som får støtte frå stiftinga er at dei skal bidra til at fleire barn og unge kjem i aktivitet, opplever meistring og føler tilhøyrsle. Siste søknadsfrist var 1. september, og 42 prosent av søknadane blei innvilga.