JOBBTILBOD: Pia Groven-Robertsen har fått tilbod om toppjobb, men må tenkje seg om litt.
Seljord kommune/ Superlativ Media
Pia (45) fekk toppjobben: – Eg er stolt av å få tilbodet
Det har vore stor utskifting av leiarar på nest høgaste nivå i Midt-Telemark kommune dei siste åra. No er det tilsett ny sjef i den siste av dei utlyste kommunalsjefstillingane.
I ein epost frå kommunedirektør Per Dehli står det at som førstekandidat til stillinga som kommunalsjef for oppvekstsektoren i Midt-Telemark kommune er Pia Groven-Robertsen innstilt.