GRANSKING: Sør-Øst politidistrikt ønskjer tips om tjuveri. På bildet ser ein politistasjonen i Midt-Telemark.
Bø blad, arkivfoto
Politiet ønskjer tips etter fleire tjuveri frå eldre
Politiet ønskjer tips etter fleire hendingar der eldre har fått besøk av det som truleg er mobile vinningskriminelle.
Hendingane går ifølgje politiet ut på at ein eller fleire personar har ringt på heime hos
eldre med ønskje om å selje bilete eller teikningar. I nokre tilfelle har
vedkomande hevda å vere røyrleggjar som kjem for å sjekke ei fiktiv
vasslekkasje. Politiet ser ikkje bort ifrå at det kan vere andre liknande
framgangsmåtar.