BROT PÅ LOVA: Mari Hegg Gundersen, seksjonssjef for miljøtilsyn vassdragsanlegg, skriv at hogsten er brot på vassressurslova.
Catchlight/NVE
Reagerer på ulovleg hogst i Midt-Telemark
Varaordførar Bjørn Magne Langkås får kritikk av Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) for å ha hogge langs med elva på eigen eigedom. Langkås seier han ikkje kjenner til lova.
– Det er fjerna kantvegetasjon mellom to
eigedomar i Midt-Telemark kommune utan dispensasjon frå Statsforvaltaren i Vestfold og
Telemark. NVE vurderer dette som eit brot på vassressurslova paragraf 11. Me ser alvorleg på ulovleg hogst langs vassdrag,
men vil ikkje følgje opp det ulovlege forholdet i denne omgang, skriv seksjonssjef
Mari Hegg Gundersen og førstekonsulent Nalia Hama i NVE i eit brev til Langkås, med kopi til Midt-Telemark kommune.