BØSENTERET: Hit vil Vinmonopolet flytte. Kommunestyret skal handsame saka i april.
Øystein Akselberg, arkivfoto
Reagerer på utspel om Vinmonopolet: – Det er konstruert og snevert
Næringsdrivande i Bøgata meiner at Vinmonopolet ikkje bør flytte frå sentrumsgata og har spelt dette ut i media. Det reagerer eigar av Bøsenteret, Scala Eiendom, kraftig på.
Administrerande direktør i Scala Eiendom, Hans Jørgen Mørland, sendte sist veke eit brev til Midt-Telemark kommune, ved kommunedirektøren, som handlar om den komande handsaminga av kor Vinmonopolet skal liggje i Bø sentrum. Vinmonopolet har søkt om å flytte butikken sin frå Sønstebøtunet til Bøsenteret.