DNT: Generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang.
André Marton Pedersen
Rekordsommar: – Har aldri gått inn i august med fleire medlemmer
Den Norske Turistforening (DNT) har opplevd rekordauke i medlemsmassen i sommar, med 5000 fleire medlemmer samanlikna med i fjor. Året ligg an til «all time high», opplyser DNT.
– Dette er gledelege nyheiter som fortel at fleire oppdagar norsk natur og turglede og at vårt tilbod gjer det enkelt å komme seg ut, seier generalsekretær i Den Norske Turistforening, Dag Terje Klarp Solvang, i ei pressemelding frå DNT.