TRUFAST: Rita har vore den mest trufaste gjesten på campingplassen.
Unni Buverud
Rita er dronninga på campingplassen
– Eg har vore her kvar sommar sidan 1969, då eg var tre år. Det blir ikkje sommar utan ein tur på campingplassen, seier Rita Johannessen (58).
Campingplassen ho snakkar om, er Teksten camping på Gvarv, som blei etablert i 1961. Her har Rita funne sitt feriepardis, først med foreldre og søsken, deretter med eigen familie, og dei tre siste åra med kusina Marianne Sørfonn.