Ryggvegen – ein liten vegstubb på Langkåshaugen
Flyfoto frå Bø. Widerøe Flyselskap dreiv mykje med flyfotografering i heile Noreg på 1950-talet og fram til dei fyrste åra på 60-talet. Selskapet hadde over 300.000 slike bilete då dei fekk nye eigarar i 1968. I 1970 blei denne samlinga selt ut av selskapet. I dag er det Bø museum som har hand om flybileta med motiv frå Bø. Desse er no lagt ut på Digitalt museum.
Ryggvegen ligg på Langkåshaugen og strekkjer seg om lag hundre meter langs ein rygg i terrenget i austleg retning frå hovudvegen, Oterholtvegen. Dette var landbruksområde til etter krigen. Tomtene langs den korte vegen høyrde til garden Kamperhaug, gardsnummer 53, bruksnummer 9. Tunet på Kamperhaug er det berre ein låve att av, og den står tett inntil Haugvegen litt ut for venstre biletkant. Eigedommen Kamperhaug har i dag kun 3 mål att, kring denne låven. Resten er seld til bustgadtomter.