PÅ FLUKT: Talet på kor mange flyktningar kommunen blir bedt om å ta imot i 2025 er klart.
Simen Slette Sunde, IMDi (illustrasjonsfoto)
Så mange flyktningar blir Midt-Telemark bedt om å busetje i 2025
Sidan 2022 har Noreg tatt imot over 30 000 flyktningar i gjennomsnitt kvart år. Nå er det forventa ein klar nedgang. Likevel er tala framleis på eit historisk høgt nivå.
Det har gått over 1000 dagar sidan Russland gjekk til ein fullskala invasjon i Ukraina. Som følgje av krigen har mange tusen ukrainarar flykta til Noreg. Nå blir kommunane i Noreg bedt om å busetje 18 900 flytningar i 2025.