DOMSTOL: Telemark tingrett på Notodden.
Marta Kjøllesdal
Sat rusa bak rattet med barn i bilen
Ei kvinne køyrde bil trass i at ho var rusa på fleire stoff. Berre eit av stoffa ho hadde i blodet svarar til over 1,2 i alkoholpromille.
Kvinna hadde stoff som blant anna finst i legemiddel og verkar på sentralnervesystemet, amfetamin og cannabis, i blodet. Funn av stoff som blir kalla diazepam-ekvivalentar tilsvarte åleine ein alkoholpromille på 1,2. Nivået på dei andre narkotiske stoffa svarte kvar for seg til over 0,2 i promille.