DANSARAR: Vilde Lerstang (t.v.) og Thea Myrjord Norheim dansar begge for Nes Nasjonale Dansarring. Dei deltok i ulike klassar i kappleiken. Thea blei nummer ein i klasse C, medan Vilde blei nummer to i klasse B.
Øystein Akselberg
Sjå korleis det gjekk i kappleiken på Sandvin i går
Bøkappleiken gjekk av stabelen i går med deltaking frå i alt 15 ulike spel- og danselag. Flest innslag på resultatlista finn ein frå Gransherad Spel- og Dansarlag og Nes Nasjonale Dansarring. Tek ein med lagdans og -spel var det nok størst deltaking frå dei tre laga i Bø.
Resultatlista på årets Bøkappleik tel 34 personar og tre lag; Bø Juniorspelemannslag, Bø Dansarring og Hallinggutane.