LØFT BLIKKET: Det kan hende du blir overraska viss du ser opp.
Bjørnar Nesje
– Sjå opp, det er så uendeleg mykje der ute
Legg
hovudet bakover og ta ein kikk! Du vil garantert sjå noko som ingen andre har
sett før: Lyset frå stjerner som ligg hundrevis og tusenvis av lysår borte, og
som treff auget ditt akkurat når du ser på dei. Om du ikkje har teleskop, så finst
det kanskje ein kikkert i huset? Berre ein vanleg handkikkert kan vise deg det
du aldri kan sjå med berre augo om du bikkar hovudet bakover og ser opp.