Sjur har alt klart for nysatsinga: – Eg manglar bare éin viktig ting
Akkerhaugen kan få sjølvbetjent nærbutikk snart. Sjur Høydahl har alt klart, men treng ein kjøpmann som kan ha ansvar for drifta.
Sjur Høydahl driv til vanleg charterbåt i Oslofjorden, men i sommarsesongen er han kaptein på MS Telemarken, som han eig. Han vekependlar difor mellom Oslo og Lunde, der han har kjøpt seg hus. Nå vil Høydahl skape liv i det gamle butikklokalet på Akkerhaugen, etter at det har stått tomt i lengre tid.