Skattejakta held fram: Stadig nye funn i Midt-Telemark
Telemark historiejegerar gjer stadig nye funn med metallsøkar. – I år har me kanskje gjort 20 funn, seier Torbjørn Blichfeldt Dyrland.
Nye spor frå nær og fjern fortid dukkar stadig opp i kulturlandskapet i Midt-Telemark. Telemark historiejegerar, med Torbjørn Blichfeldt Dyrland, Wojciech Socha og Jan Kenneth Tjønnås i spissen, jaktar på historia med metallsøkarar og finn stadig noko nytt. Det dei finn blir merka og mellomlagra på Evju bygdetun før det blir sendt vidare til arkeologiske myndigheiter.