Skisesongen er i gang

Det er tidenes tidlegaste opning i Lifjell Vinterland. Det er Kamilla og Karoline Skree glade for.

Publisert Sist oppdatert

– Eg likar aller best å hoppe, seier Kamilla Skree.
Ho ventar utolmodig på at far skal få stilt inn skia. Veslesyster Karoline er alt i gang i bakken, sjølv om ho skulle vente. Kamilla har gleda seg til å kome på ski igjen.
– Viss du dett, kva då?
– Då reiser eg meg opp igjen, svarar ho raskt. Mor, Gunn Heidi Lillebakken, fortel at dei brukar å vere i bakken på Lifjell ganske ofte. Ho trudde ikkje det hadde opna så tidleg i år.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker for 5 kroner

Deretter 145 per månad.
Inga binding.

Kjøp

Sjå fleire
tilbod

KLIKK HER

Powered by Labrador CMS