KORKONSERT: Bø kyrkje var 25. mars arena for konsert med Bø kyrkjekor og songkoret Ichtus frå Stord. Kora hadde god hjelp av fire dyktige musikarar. Arrangørar var Korskulen og Bø kyrkjekor. FOTO: Foto: Øystein Akselberg
VINTERFERIE: Sauherad frivilligsentral hadde aktivitetar for barn og unge tre dagar i vinterferien og mange deltok. Det var tur til Lifjell for å ake og grille, til Eventyrfabrikken og Fritidsparken i Skien. Fleire bidrog til opplegget, mellom andre I.L Skarphedin svømming og Bø og Sauherad Røde Kors. FOTO: Privat
NYTT STYRE: Midt-Telemark lokallag av Norges Blindeforbund har hatt årsmøte, der ei fyldig årsmelding blei gjennomgått. Laget har eit aktivt år bak seg, med møte, tur og informasjons­arbeid. Øyvind Bekkevold (nr. 2 f.v.) frå Bø blei attvalt som leiar. Med seg i styret har han Jostein B. Fosse frå Bø (f.v.), Solveig Aasmundsen frå Lunde, Edel Gunnheim frå Gvarv og Kari Bø frå Bø. Lokallaget hadde også besøk av synskontakten i Midt Telemark kommune, Bjørn Tveiten. FOTO: Terje Weber
DYRELIV PÅ NÆRT HALD: Med mykje snø i skog og mark trekker dyra nærmare der folk bur. Her eit glimt frå eit kjøkkenglas i Lifjellvegen, der det både har vore fleire elg og rådyr i tunet, samt spurvehauk og ekorn til støtt og stadigheit. FOTO: Reidun Helene Slåttedalen
JARSENGSPRINTEN. Fyrste helga i mars var 14 løparar frå Bø skiskyttarlag med på Jarsengsprinten. Det blei mykje god skyting og fleire gode plasseringar. Framme f.v.: Thomas Bjørnfeld, Eline Bjørnfeld, Olaf Sætra Erikstein og Nora Steen. Bak f.v. Sander Steen, Emma Bergan Holtan, Ingebjørg Kristine Skilbred Helås, Vebjørn Espedalen Lium, Kasandra Sannerholt, Guro Espedalen Lium, Dorthea Sætra Erikstein og Einar Stange Mathiesen. Ida Hylland Høksaas og Vilde Hylland Høksaas var ikkje til stades når bildet blei tatt. FOTO: Cecilie T. Bjørnfeld
FELLESSKAPET: Sentrumsringen har fått laga vindaugs­klistremerke til alle med­lemmane sine, slik at dei kan vise kundane sine at dei er med i fellesskapet som blant anna sørgjer for vinterlys og blomstrar. Dagleg leiar José Bakker viser stolt fram klistremerket. FOTO: Synnøve S. Kleppe
KVINNEDAGEN 8. MARS: Kvinnedagen blei feira i Bø med om lag 90 frammøtte på Bø prestegard. Bø kvinneforum har markert kvinnedagen sidan 1983 og feirar i år 40-årsjubileum. I år hadde dei invitert Ingeborg Senneset, utdanna sjukepleiar og jobbar til dagleg som journalist, influensar og samfunnsdebattant. Det blei eit sterkt møte om eit viktig tema og kommentarar til dagens helsesystem i ei ærleg og open innpakning. Johanne Flottorp ramma inn feiringa med sitt eminente felespel. FOTO: Ellen Schrumpf
HEGNA LANDHANDEL. Mat-Norge har hatt besøk av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik. Ministerens mål var å bli kjent med teknologiutviklinga som starta i den raude låven på Nærbutikken Hegna Landhandel i Seljord kommune. – Ein historisk dag! seier CEO i Mat-Norge, Hans Olav Bakås, om besøket fra statsråden. FOTO: Karine Risdalen
DANSEGLEDE: Det var tett på dansegolvet da dansarringane og ungdomslaga i Bø og Nes inviterte til søndagsdans på Sjodar. Danseglade frå begge sider av Lifjell deltok, og det blei dansa gamaldans, bygdedans og syrisk dans. FOTO: Gro B. Røiland
LOVAR GODT FOR PÅSKA: I mars har det kome både stort og smått av nedbør i Midt-Telemark. På Lifjell har det kome som snø, og det lovar godt for påska. Skiføre blir det i alle fall i år. Dette biletet blei teke 26. mars på Lifjell. FOTO: Gerd Skoland
NY VISITT I MIDT-TELEMARK: Nordlyset er stadig på farten i sørlegare trakter, og imponerer mange der det er klårver. Torsdag sist veke var det innom att. Innimellom skyer og tåke dansa lyset på himmelen. FOTO: Gerd Skoland
GLEDE MED BØ BLAD: Vera Borgå Bø på to og eit halvt år synest det er stas å gå til postkassa og hente Bø blad. Lokalavisa gjev mykje glede. FOTO: Asle Karlsson Bø
SEINVINTER: Akkurat da me trudde at det kanskje skulle bli varmare og meir vårleg i Midt-Telemark, slo Kong Vinter til att. Det lava ned store mengder snø førre veke, sjølv om det er midten av mars. Det sikrar i alle fall skiføre i påska. Her eit stemningsbilde etter det siste snøfallet på Lifjell. FOTO: Simon Jeppesen
KAFFI MÅ TIL: Kaffi måtte til under søndagens store flaskebakkeløp i Brennebakken i Eikjabygda. Andres Hegna (t.v.) var kaffiansvarleg. Her har han selskap av to andre i arrangørtroppen; Knut Midtbø og Tarjei Staurheim. På boblad.no kan du lesa meir og sjå fleire bilde frå flaskebakkeløpet. FOTO: Synnøve Sudbø Kleppe
PÅSKESTEMNING PÅ LIFJELL: Dette biletet er frå eit postkort og teke ein gong på 1980-talet, og viser påskestemning ved Lifjell skisenter. Lifjell har lenge vore ein populær turstad – sumar som vinter. Det er kort veg frå dei største befolkningssentra i Sør-Noreg, berre to timar frå Oslo og 1,5 time frå Vestfold. Med bygginga av Lifjell Skisenter på 1960-70-talet blei Lifjell ein svært populært utfartsstad for vinterturistar frå fjern og nær. FOTO: Bø Museum
PÅ FORSKOT: Denne Blåveisen dukka opp på ein tur i Midt-Telemark heilt i starten av mars, og lykka var stor hos finnaren. Det er slik med dei første vårblomstrane, akkurat som det er med det lunefulle marsveret: Dei overraskar. Akkurat nå er det meir snø enn blomstrar å skode ute på tur. FOTO: Gerd Skoland
FORBERGRUNDEN: Raude låvar står som fin kontrast mot blå marshimmel og fine skiløyper langs Forbergrunden. Dette bildet blei tatt 14. mars. FOTO: Gerd Skoland
FØRSTE HESTEHOV: Lykka var stor hos denne lesaren da ho laurdag 4. mars fant den aller første hestehoven (latinsk: Tussi­lago farfara) denne våren. Fotografen fann også nokre blåveis i nærleiken av hestehoven. FOTO: Gerd Skoland@
GJEKK OVER LIFJELL: Ein sprek gjeng på 21 elevar og tre lærarar frå Bø ungdomsskule gjekk ein fredag i mars over Lifjell frå Grimås via Hollane til Jønnbu. Dei melder om ein flott tur og gode løyper i skikkeleg høgfjellsterreng. Turfølget hadde også ein hyggeleg stopp på Hollane fjellstove. På biletet ser me Julie Forberg Johansen, Erle Jakobsen Iversen og Guro Karlbom Dahle med Blomtjønneggen i bakgrunnen. FOTO: Bø ungdomskule
TRE BØHERINGAR: Sesongens siste seriekamp i eliteserien i futsal-fotball mellom Sandefjord Futsal og KFUM Oslo blei spelt i KFUM-hallen. Tre bøheringar var på banen; brørne Edvard og Andreas Ajer for Sandefjord, og Bertil Tobias Digranes Bøen for KFUM. Det enda på dramatisk vis uavgjort 5-5 i ein spennande kamp. Edvard kom på skåringslista, og begge dei to bøhering-målvaktane bidrog med mange redningar. FOTO: Rune Digranes Bøen
NY ART I EVJUDALEN: Tidleg i mars kunne fuglekjennar Morten Rask Arnesen melde om observasjon av ei songsvane på nedste dam i Evjudalen. Det er første gong arten er registrert her. Ifølgje Rask Arnesen er ikkje Evjudalen ein naturleg biotop for songsvanar, men matfatet freista fuglen nok til at den tolererte all ferdsel av folk og dyr rundt seg. Torsdag kveld meldte Rask Arnesen at fuglen hadde flytta seg til ein annan stad. FOTO: Øystein Akselberg

Smått og stort frå det som skjedde i mars – der du bur

I Bø blad – Lokalavis for Midt-Telemark kan du lese om smått og stort som skjer i kommunen der du bur. Her er nokre glimt og gløtt frå mars månad.

Publisert Sist oppdatert

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS