ALLE KAN BIDRA: Elisabeth Aarsæther, direktør i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, ber alle bidra til Noregs beredskap.

Snart får du ei brosjyre i posten - den bør du ikkje kaste

Mellom 28. oktober og 1. november får alle norske husstandar ein brosjyre i postkassa med råd om eigenberedskap.

Publisert

Brosjyre på papir frå norske styresmakter? I 2024? Er det ikkje totalt utdatert?

 Det er i alle fall svært uvanleg, men heng med vidare, så skal du få svar.

Tidlegare i år oppdaterte DSB, i samarbeid med ei rekkje andre styresmakter, eigenberedskapsråda. Dei handlar om korleis innbyggjarane i Noreg bør førebu seg i tilfelle krise.

Den største endringa er at vi tilrår at folk bør vera førebudde på å klara seg sjølve i éi veke. I 2018, då vi børsta støv av befolkningsråda, sa vi tre døgn. I tillegg har vi i år teke inn nokre nye tema – felles eigenberedskap og psykisk helse i kriser – og vi har utvida råda om kritisk medieforståing og tilhaldsstader i kriser.

Krig og ekstremvêr

Bakgrunnen for å oppdatera råda er at Russlands angrep på Ukraina har ført til ein forverra tryggingspolitisk situasjon i Europa. Sjølv om angrep på Noreg ikkje er eit sannsynleg scenario, er det vår plikt å førebu at det verste kan skje.

Derfor må vi også styrkja Noregs totalforsvar – altså summen av ressursane i samfunnet for å førebyggja og handtera krise og krig. Ei førebudd befolkning er ein del av dette totalforsvaret. 

Bakteppet for dei skjerpa beredskapsråda er også at stadig meir ekstremvêr rammar norske hushald. Eit døme er ekstremvêret Hans hausten 2023, og andre kraftige vêrhendingar som set lokalsamfunn mellombels ut av spel.

Endå meir digitalisering, elektrifisering og kunstig intelligens fører til mange nye moglegheiter, men også sårbarheiter. Eit omfattande straumbrot kan til dømes gjera at vi ikkje kan bruka tenester vi er avhengige av, og det kan bli kaldt i bustaden. I sum fører alt dette til at det er lurt at flest mogleg er førebudd på å klara seg sjølv i éi veke.

Eit kraftfullt verkemiddel

Dei oppdaterte råda publiserte vi i mai på nettsidene våre, vi laga innhald til sosiale medium og oppmoda kommunar til å spreia informasjon om dei nye råda. I tillegg var det ein del nyheitsmedium som laga saker om dei nye råda. Alt dette er vel og bra, men ikkje tilstrekkeleg for at heile befolkninga skal få med seg råda.

Vi veit at mange i Noreg berre bruker éi kjelde til nyheiter. Vi veit også at mange unge ikkje følgjer med på nyheiter i tradisjonelle medium. Ja, å senda ein brosjyre på papir er svært uvanleg i 2024. Det kostar også ein del pengar. Men det er eit kraftfullt verkemiddel, og eit viktig tiltak for å nå breitt ut.

Då vi sende ut førre brosjyre i 2018, viste undersøkingar at brosjyren nådde svært mange (også yngre aldersgrupper), og han vart i tillegg lesen.

Eit anna argument for ein fysisk brosjyre er at det er viktig å ha alternativ til krise- og beredskapsinformasjon på nett. Viss straumen blir borte ein lengre periode, er kanskje ikkje internett like tilgjengeleg som vi er vande med. Derfor oppmodar vi alle til å ta vare på brosjyren.

Saman er vi sterkare

Sjølv om Noreg er eit trygt og stabilt land, er det nødvendig at også kvar enkelt innbyggjar er i stand til å ta vare på seg sjølv og dei rundt seg når det gjeld. Viss vi blir ramma av større kriser som treff mange menneske – og gjer at viktige tenester ikkje verkar som normalt – kan ikkje alle få omgåande hjelp. Jo fleire som er førebudde, desto enklare blir det for kommunar og nødetatar å prioritera dei som ikkje klarer seg utan hjelp i ei krise.

Når du er førebudd i eigen heim, er det også enklare å ha overskot til å hjelpa naboar, vener og familie. Samarbeid og fellesskap er ein stor ressurs i kriser. I brosjyren skriv vi derfor: «Finn ut kven som kan trenga di hjelp, og kven du kan få hjelp av». Og vi gir konkrete døme på kva slik hjelp kan bestå av.

Sjølv om vi har brukt mykje tid på å laga ein brosjyre som skal vera enkel og tydeleg, veit vi at ikkje alle har same føresetnader for å forstå. Fleire frivillige organisasjonar gjer ein fantastisk innsats med å omsetja og forklara viktig informasjon frå styresmaktene. Men dei når ikkje alle. Så bidra gjerne til å spreia informasjon. Då kan det vera greitt å vita at du finn brosjyren på ei rekkje ulike språk på nettsida sikkerhverdag.no. Der finn du også video med tale, tekst og teiknspråk.

Vi oppmodar alle til å lesa brosjyren og til å styrkja eigenberedskapen sin. Då bidreg du også til Noregs beredskap.

Powered by Labrador CMS