HAUST: Vegane kan vera glatte sjølv om det er plussgradar i lufta.
Bård Asle Nordbø / Statens vegvesen
Snart tid for å skifte til vinterdekk
Statens vegvesen minner om krevande og ustabile køyreforhold om hausten. Alle må hugse å sjekke at dekka er i god stand, og å skifte til vinterdekk innanfor fristen.
Statens vegvesen rår i ei pressemelding til å vera ekstra merksam nå på hausten. Sjølv om det er plussgrader i lufta, kan det vera minusgrader på bakken. Da kan vatnet fryse og føre til glatte forhold om det er nok fukt i lufta.