TIL SALS: Eigar av Åbø gard søkjer om dispensasjon.
Øystein Akselberg
Søkjer om å få dele husa frå jorda på Åbø
Eigaren av Åbø gård har søkt kommunen om å få dele ifrå tunet. No har landbrukskontoret kome med si faglege tilråding.
Ågø gård på Vreimsida har lege ute til sal ei tid utan at nokon har kjøpt. No har seljar, Hege Håkonsen, søkt om å få skilje frå tunet. Får ho det, kan ho selje jorda som tilleggsjord til for eksempel naboar. Da kan gardstunet seljast for seg. For å gjere det, må Håkonsen få dispensasjon frå kommuneplanens arealdel. Tunet er på om lag 13 dekar.