25 ÅR SIDAN

25 ÅR SIDAN: Dei fleste i arbeidsstokken til Sønstebø samla under dugnaden i helga: Fyrste rad f.v. fire blad Sønstebø: Jan Helge, Borgny, Jens og Tove, Gullborg Lia, Bente Jacobsen, Aase Aaland, Marit Langkås og Anne Seljord. Andre rad f.v. Olga Haugen, Mona Langkås Pallesen, Anne Gunn Langkås, Gunn Bergskås, Astrid Espeseth, Ingebjørg Tveit, Anne Mari Espeseth, Turid Tjønntveit, Kariann Holtar og Ellen Seljord Åfløy. Tredje rad f.v. Grethe Langkås, Gunn Kristine Skoe, Mari Hallstrøm, Thorvald Amundsen, Wenche Rekanes, Ann Kristin Folkestad, Anita Folkestad, Elin Trovatn og Marianne Askildt.

Sønstebø Tunet opnar i dag

Frå Bø blad arkivet 16. september 1999.

Publisert

I dag opnar Sønstebø Tunet, som teiknar til å bli eit tett og triveleg handlesenter for Sønstebø-avdelingane, Bø-debutanten Rimi, veteranen Bø Blomster og - snart - ein annleis kafé.

Sønstebø-kvartetten Jan Helge og Tove, Borgny og Jens har hengt seg på senterkarusellen, men - håper dei - med ein bygdevri. Til det siste har handverkarar, svært mange lokale, og arbeidsstokken på 30-40 med alle pluss hjelperar stått på i ein kjempedugnad.

I underkant av 23 mill kr vil nybygga da ha kosta. Nær 3.000 av 4.000 kvm. er nytt. Rimi tek t.d. 850 av dei nede.

Sovestudio med madrassar er det einaste nye i Sønstebøpakka, men elles er det meste utvida og omorganisera. Her er Herre- og Dameavdeling, Sko, Gardinar og utstyr, Cubus, Ung gutt, Ung jente.

– Alt neste veke vil de sjå korleis me vil bruke inngangspartia aktivt. Speiderane set opp lavo. Og snart kjem kaféen på plass. 

25 ÅR SIDAN: Den digre bakgården til Sønstebø/Kaasa blei asfaltera måndag.
Powered by Labrador CMS