STENGT. Sørlandsbanen er stengt og det blir jobba med å skaffe alternativ transport.
Bø blad, arkiv
Sørlandsbanen blir stengt gjennom heile helga
I helga 22.-25. september blir det eit 60 timars vedlikehaldsmaraton på Sørlandsbanen. Den blir derfor stengt for all vanleg togtrafikk.
Sørlandsbanen er tett trafikkert med både person- og godstrafikk. Slitasjen er stor, og banen treng pleie. Bane NOR har ansvaret for modernisering, drift og vedlikehald av jernbanen i Noreg, og melder at det i helga er duka for eit 60-timars naudsynt vedlikehaldsmaraton frå Stavanger i vest til Drammen i aust.