STARTAR UNGDOMSPARTI: Nina Beate Tveit (t.v.) og Andrea-Sofie Gjestad Wollberg er to av dei som står bak det nye ungdomspartilaget.
Øystein Akselberg
Startar ungdomsparti: – Me må jobbe for at unge skal tore å seie kva dei meiner
Unge med lokalt engasjement og interesse for politikk har stifta ungdomsparti for Høyre i Midt-Telemark.
Midt-Telemark har nyleg fått eit aktivt ungdomsparti der lokal ungdom kan engasjere seg i politikk og utvikling av kommunen dei bur i. Midt-Telemark Unge Høyre hadde stiftingsmøte og generalforsamling på Skien rådhus 4. november.