SKOGEIGARLAGET: Torbjørn Lahus er styreleiar i Bø Skogeigarlag.
Marta Kjøllesdal
– Stisykling er interessant, men det er også utfordringar
Skogeigarane ønskjer nå å kome på banen i stisyklingssaka.
Det er nyleg etablert eit bedriftsnettverk
for å utvikle stisykling i Midt-Telemark. Prosjektet har fått eit tilskot på
725.000 kroner frå Innovasjon Noreg, og det er fleire søknadar på gang. Prosjektleiar
Anders Wassgren er engasjert for å arbeide fram ein plan for stisykling for
Midt-Telemark Stisykling AS.