I
Stjerner på kvar sin kunsthimmel
Dei er stjerner på kvar sin kunsthimmel, far og dotter Keith Grant og Thea Ellingsen Grant. Her går inspirasjon og respekt begge vegar.
Me møter far og dotter, og mor Hilde Ellingsen Grant, i pappa Grants atelier heime i Holmenvegen på Gvarv. Lukta av oljemåling og terpentin fyller lufta, og veggar og golv viser spor av mange års kunstnarisk verksemd. På staffeliet står eit ennå fuktig oljemåleri som snart skal på utstilling i London.