Stor interesse for gullbilletten
I desember opna fylkeskommunen for ei ordning der permitterte og arbeidsledige i alle aldrar, som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, kan søkje om å få gjort ferdig fagbrev og vitnemål.
Tilbodet er gratis og kjem som ei følgje av koronapandemien. Ordninga har fått namnet «gullbilletten. Berre dei siste vekene har 325 permitterte og arbeidsledige i Vestfold og Telemark kontakta fylkeskommeune for å bruke gullbilletten. Dagleg kjem nye søknader frå folk som ønskjer å fullføre vidaregåande utdanning.