UT PÅ LEITEAKSJON: I dag klokka 13.20 var Bø og Sauherad Røde Kors på veg opp i fjellet i samband med leiteaksjonen på Lifjell. Bildet viser ein av dei to snøscooterane som er på veg frå Jønnbu.
Øystein Akselberg
Stor leiteaksjon på Lifjell
Det er satt i gang ein større leiteaksjon etter ein eller to skiløparar på Lifjell. Bø og Sauherad Røde Kors har to snøscooterar på veg innover fjellet. Eit redningshelikopter har også vore i aksjon inne på fjellet.
Politiet meldte klokka 13.00 i dag laurdag at det er iverksatt ein redningsaksjon etter melding om at ein person ikkje har kome tilbake frå ein skitur inne på Lifjell fredag kveld. Politiet fekk melding om hedninga klokka 12:23.